Nærbutikken Tørris Wågen

Fasade Nærbutikken Tørris Wågen
Fasade Nærbutikken Tørris Wågen
Nærbutikken Tørris Wågen har det du treng av daglegvarer, og i tillegg tilbyr me tenester som heimkøyring av varer, medisinutsal og sal av fiskeutstyr, diesel, blomar, diverse jernvarer, samt landbruksvarer og grus. Me sel lokalmat frå distriktet – både kjøtprodukt frå Lundal og fiskevarer frå Hjønnevåg. Ta gjerne ein kopp kaffi i kaffikroken vår. Du finn Nærbutikken Tørris Wågen 43 km frå Rosendal – over fjellet til Matre – 15 km frå Matre ferjekai. Adressa vår er Åkravegen 664, og butikken ligg på Øyro, ved kaien. Når det kjem til lokal service, strekkjer me oss langt. Me har fleksible opningstider og varekøyring to gonger i veka. Det har vore butikk på staden langt tilbake i tid, og no har same familie drive i tre generasjonar. Det noverande bygget er frå 1960. Noko som kjenneteiknar butikken, er at dei har hatt fiskefestival, bygdedag og marknadsdag saman med bygdelaget. I sjøbua er det lager og ein kafé som vert driven i samarbeid med bygdelaget. Våren 2015 vert kaféen opna att etter renovering med utviding og nytt kjøken. Bygda vår er spesiell fordi ho ligg roleg og naturfint til på nordsida av Åkrafjorden, og ho er kjend som den finaste bygda i Kvinnherad.
Les mer

Åpningstider

Tirsdag
09:00 - 17:00
Onsdag
09:00 - 17:00
Torsdag
09:00 - 17:00
Fredag (Fre før Palmesøndag)
09:00 - 18:00
Lørdag (Lør før Palmesøndag)
09:00 - 14:00
Søndag (Palmesøndag)
Stengt
Mandag (Man i Påskeuka)
09:00 - 17:00

Kommende spesielle åpningstider

26. mar. Tir i Påskeuka
09:00 - 17:00
27. mar. Ons i Påskeuka
09:00 - 17:00
28. mar. Skjærtorsdag
Stengt
29. mar. Langfredag
Stengt
30. mar. Påskeaften
09:00 - 15:00
31. mar. 1. påskedag
Stengt
01. apr. 2. påskedag
Stengt

Kontakt oss

Åkravegen 664
5499 ÅKRA