Nærbutikken Veitastrond

Fasade Nærbutikken Veitastrond
Fasade Nærbutikken Veitastrond
I enden av ein arm langt inne i Sognefjorden finn ein bygda Veitastrond. Bygda ligg ca 30 km frå Hafslo som er nærmaste nabobygd, og ca 50 km frå Sogndal som nærmaste tettstad. På Veitastrond bur det om lag 100 fastbuande, men med mange hytter, feriehus og turistar er det ikkje uvanleg at folketalet vert dobla i feriar og høgtider. Bygda har eigen skule og barnehage som saman med butikken er sjølve limet i bygda. Det har vore butikk på Veitastrond så lenge ein kan hugsa. Fram til og med 1994 dreiv Egil Nes kolonialforretning i bygda. Då han gjekk av som pensjonist så tok Per Heggestad på seg ansvaret som butikkmann. Han satte opp nytt bygg og starta opp butikk i flotte lokaler 13.desember 1995. Han hadde butikken fram til og med 2009. Då kjøpte Richard Nes og Anett Moen opp både bygg og butikk og hadde nyopning av butikken 1.desember 2009. Dei har drive butikken sidan den tid gjennom selskapet Matkroken Veitastrond AS. Butikken er ein typisk nærbutikk som sel alt ein treng av mat og drikke til den daglege handelen i tillegg til andre ting som leiker, skismøring, kjøkkenutstyr +++ Me har òg lokalprodukt frå Veitastrond som flatbrød, lefser og geitost. I tillegg til butikk har me òg ein liten kafe. Denne vert nytta som «kaffikrok» der dei lokale møtest kvar kl 11:00 og løyser små og store verdsproblem. På Nærbutikken Veitastrond ynskjer me folk frå både nært og fjernt velkommen innom til ein triveleg handel.
Les mer

Personvernerklæring for delvis selvbetjent butikk

Åpningstider

Fredag (Langfredag)
07:00 - 23:00
Lørdag (Påskeaften)
07:00 - 16:00
Søndag (1. påskedag)
07:00 - 23:00
Mandag (2. påskedag)
07:00 - 23:00
Tirsdag
07:00 - 23:00
Onsdag
07:00 - 23:00
Torsdag
07:00 - 23:00

Kommende spesielle åpningstider

30. apr. 30. April
07:00 - 23:00
01. mai. 1. mai
07:00 - 23:00
08. mai. Onsdag
07:00 - 23:00
09. mai. Kristi himmelfart
07:00 - 23:00

Tjenester

Delvis selvbetjent butikk

Kontakt oss

Veitastrondi
6878 VEITASTROND