Velkomen til Nærbutikken Davik. Nærbutikken er kommunalt servicepunkt. Vi ligg sentralt i bygda, og har gode åpningstider og god service.
Næraste naboen vår er Davik Fjordparadis, med restaurant, overnatting og bubilcamp.
Butikken er bemanna mellom kl 10.00 -18.00, men har og sjølvbetjente åpningstider frå kl 06.00 til 23.30.
I tillegg til daglegvarer, har vi litt gåveartiklar, leiker, fiskeutstyr og jernvarer.
Vi har pakkeutlevering frå Posten, Post Nord og Helt hjem.
Vi tilbyr heimkøyring av varer kvar fredag.
Du kan låne/ ta med deg/ bytte bøker her. Vi er i ferd med å få eit rimeleg stort utval av bøker, i alle kategoriar. På butikken finn du ein koseleg kaffikrok, der vi spandere kaffien, og av og til litt å bite i.
Hjerteleg velkomen til oss.